livet stråla

Hei kjære vakre lesera, av det som er igjen av dokke. Eg beklaga for ufattelig lite blogging siste måndane. Eg har rett og slett vert super opptatt! Det har ikkje frista i skrive i det heile tatt, og eg har derfor latt vere. Masse har skjedd sida sist og trass i at eg egentlig ikkje har tid til å bruke tid til blogging no, (øve til kjemiprøve....) fekk eg plutselig lyst å slenge inn et innlegg. 

Sida sist har eg hatt kjæresten på besøk, nokke som var ufattelig deilig! Rett og slett deilig! Det var fantastisk å hoppe i armane hans. Eg må innrømme at det var der eg holdt meg heile uka. Godt gjømt inni armkroken, med "Friends" på tvskjermen. Uka gikk så klart superfort og vips så det var det avskjed på flyplassen.... Igjen...



Eg bestemte meg fort for at eg måtte bare hive meg tilbake i livet mitt her, og legge uka bak meg. Krype utav bobla og fylle dagane med jentene og kos. Og det har gått overraskande fint! Eg har et liv her no, som eg er blitt kjempeglad i. Eg har verdens beste venna som stod klar for å gjøre dei neste ukene fine og alt i fra dystre. Dei forelska seg i Øyvind dei og, og klarer nesten ikkje å vente med å bestille tur til Norge, sommeren 2013. Tihi!

Det er no mars - og det betyr spring break! Vi skal til Aruba, og eg gleda meg heilt sjukt! Varme, sol, sommerkle, sjø.. Eg er allerede begynt med pakkinga og kjenner det virkelig er på tide med en ferie! Vertsfamilien er verdens beste som tar meg med på tur og lar meg oppleve Karribien. Karribien... Eg smila.. Skulen dei siste ukene har vert heftige, fylt med testa og masse lesing. Eg har og tatt min siste kjøretime, i dag faktisk, så det einaste som gjenstår for at eg har det amerikanske sertvikatet er bare at eg smila fint til kameraet. Weee! 

Ukene har gått utrolig fort sida januar. Klare nesten ikkje å skjønne at bare er to og en halv månde til eg er heime! Og på dei måndane står masse kjekt på agendaen; Aruba, Prom, besøk av lisjesysta, mamma og pappa(!), festing, jentekos og deretter graduation. Ufattelig at eg har fått papira ang heimreise. Kjenner klumpen vokse av tanken på å reise fra alle her. Eg har ingen aning på kortid eg får sjå folk igjen, og det er skremmande. Men eg lyger sier eg at eg ikkje er klar for å komme heim. Eg er så klar! Eg ser for meg flyplassen i Florø. Møte alle der og deretter kjøre heim til huset mitt. Herregud. Gå inni huset mitt. IIIKKK! Tenk at det kan krible sånn i magen bare av tanken på å vere i ditt eget hus. Eg må lese kjemi no. Siste innspurt før ferien, GO-GO-GO! 

PS. Bruk 30 minutt på å sjå dinna filmen. Spre den. Ta den innover deg. Ver med på å stoppe Kony. KONY 2012.http://www.youtube.com/watch?v=Y4MnpzG5Sqc

sertifikat, katt og blondt hår

Hei søtnosa! Etter ei hektisk uke har eg endelig tid til ei lita oppdatering! Helga som var, var super, trass 8 ubeskrivelige lange tima med bilteori. Eg har no tatt "teorien" her, nokke som var ovarraskande lett. 25 spørsmål om alt i fra fartgrenser til skilt. Eg kunne ha 5 feil, endte opp med 2, sier meg ganske så fornøgd med det! På lørdag var vi på intensivkurs, nokke som var drepande kjedelig. Einaste som gjenstår no før eg har det amerikanske sertifikatet, er 3 2timers kjøretima - WEEEE! Ellers feira vi Martes 18-årsdag i helga, nokke som var kjempekoselig! Litt synd ho ikkje fekk kosa seg med lovlig pils og tradisjonell norsk fest, men eg tror vi alle hadde det veldig kjekt uten galskap og drikke, eller kva Martemor? 


Marte og Elizabeth - søstrene
 

Fine bursdagsjenta mi! 

Uka som har vert no har bestått av senior-fun, dissikering av katt og trening. I går var eg på kickboksing med Soph, nokke som var veldig hardt og kjempekjekt! Eg fekk ut litt frustrasjon, sjøl om eg ikkje er frustret på nokke/nokken i det heile tatt, haha. Gangsperren sitte godt i dag og det føles digg, rett og slett! I anatomi er dissikering en del av pensum, og eg har hatt blanda følelsa over at det skulle vere en katt. Det gikk overraskande fint, og det å vite at dei har blitt behandla godt var nokke som gjorde det heile lettare. Eg lærte masse allerede første dag, og eg må innrømme at eg ikkje hadde lyst å legge fra meg skalpellet. Vi skal holde på med samme katten i fleire månda, og begynne med å utforske musklane. Er det nokke eg kjem til å savne med å bu her, så er det mulighetane man får via skulen. Eg elska skulen her, og sjøl om morningane er en evig kamp, gleda eg meg kver dag! Håpa dokke alle får ei super helg, mi består av jentekveld i morra, baskettballkamp med familien lørdag og chinesefood (eg har hatt et sug etter kinamat dødslenge!!!). 

Stripa og klippa håret i dag forresten, og det endte opp alt for blondt.......... JEJE.


 

fresht



For en fin dag! Endelig er eg frisk, ja til og med oppe å løper. Har nettopp komt heim fra herlig treningsøkt på Lifetime, treningssenteret. I dag løpte eg en halvtime, og prøva å utfordre meg sjøl til å joine friidrett, sjøl om eg skal innrømme eg er ganske så redd... Etter treningsøkta unna eg meg en tur i spaavdelinga: badstu, stimrom og boblebad. Ny trykker eg nedpå en blåbærsmoothie, før eg hopper i seng med boka mi. Fekk min første A i matematikk i dag, og nei, det er egentlig ikkje nokke å skryte over, meeeen for meg er det kjekt! Helga er i morra og godt er det, trass i at eg skal sitte 8 LANGE tima på teorikurs. Billappen om en månde eller to? WEEE! Heldigvis skal eg ha Martemora med meg, og etter det følger bursdagsferinga hennes. 18 år i Statene er nokke eg er glad for at eg slipper, men jaggu skal du få en super dag Marte, det skal vi sørge for! 

I morra har mi kjære lisjesyste bursdag og eg sender ALL my love over Atlanteren til deg kjære baby! Savna deg kver dag, og teller ned til besøk i april. Glad i deg vennen min. Ønsker dokke alle ei super helg kjære lesera!

update

Hei søtinga. Eg kosa meg skikkelig på skulen for tida, og tenkte eg skulle skrive et lite innlegg om korleis en vanlig dag ser ut for meg på skulen og etter skuletid. Skuledagen begynner klokka 7:45 nokke eg tror er den største utfordringa av det heile... Grusomt trøtt drar eg meg opp og hiver på litt sminke og kler før eg kava i meg frokost og hopper i bilen til Addie. Vi kjører til skulen og første time stara med kjemi. Eg tar tre realfag her, nokke som er utfordrande, men som og er overraskande kjekt! Etter en time med balansering av element, tusla eg vidare til fysikk, som går meir i matematikk, og som er heilt ok. Læreren min er kanon though, og gjør det heile nesten verdt det - Mrs. Toneva fra Bulgaria, ho er superduper med si sjarmerande dialekt. I mellom kver time har vi fem minutt, nokke man skulle tro var meir enn nokk, men med 1300 eleva i gangane blir det ofte trafikkork. Anatomi følger så, og det går på reint pugg. Om ei lita uke begynne desikering av katt, nokke som skal bli spennande og interesant. Ambefaler alle å ta anatomi her, om du tenker på nokke medisinrelatert yrke, einaste minuset er at du kjem heim og kan ikkje et einaste omgrep på norsk, haha. Matte kjem så, og det er heilt okei. Eg tar Advanced Algebra, nokke som tilsvara samfunnsfagmatte 1. Eg skal forsetta på S2 når eg kjem heim, og det er godkjent av rådgiver, for dokke som lura på det med matten. Matten er overraskande okei, med tanke på at tall er det samme uansett kass språk du lære det på. OGSÅ kjem den finaste timen av dei alle: studietimen. Det har eg valgt sjøl, fordi eg har en timeplan som er ganske hektisk, og trenger en liten pause i løpet av dagen. I løpet av den er det lunsj, og det er nok det mest kos greiene heile dagen - sosialt samvær, kantinemat og sladder. Etter det er det amerikansk historie nokke eg lika veldig godt. Det er som vanlig historie, bare meir retta mot USA generelt, liker, liker, liker. Historielæreren min er nesten meir venninde enn lærer, og eg digga ho! Heile dagen blir runda av med sjokolade og engelsk. Engelskklassen min er nok favorittklassen, der kor vi alle er seniors og har verdens mest awesome lærer, Mr. Pittman. 


Story of my life!:)


I dag har dagen gått superfort og eg har kosa meg. Det er først no eg inser at det kan bli en ganske så lang kveld når vertssøster ligger sjuk med spysjuka, og eg føler det og........ Vertsmor, Susie har bursdag i dag, og vi hadde tenkt å kose oss med kake og gave alle ungane, med tanke på at Tim er på jobb. Desverre ender det opp med å bli litt meir stusselig når to jenter ligge isolert på rommet. (SUSIE, I love you, and I'm sorry your girls are sick that one day of the year....) Ønsker alle ei super uke, og feel free til å spørre spørsmål om skulen. Innlegget var ganske i hurten og sturten før eg legge meg flat med Lost og bøtte på sida. (Mamma, eg kjem til å savne at du mata meg, stryke meg og holde hodet mitt når eg er sjuk ♥ Alt man plutselig savna og tenka over..)

Nyte, nyte, nyte

Hei kjære søte lesera. Etter å ha hatt en nydelig juleferie, er vi i gang igjen! Trass i at eg lika min skjønnhetssøvn, må eg innrømme at det har vert veldig deilig å komme inni rutina igjen, som skule, trening og sosialt sett. Det er først no det går opp for meg at eg er over halvvies (!!) i oppholdet mitt. Gud, synest det er veldig rart å tenke på. Måndane framover kjem til å gå veldig fort, og eg prøver no å nyte kvert einaste sekund som "amerikaner" for et år. 

Oppholdet mitt så langt har vert ei berg og dalbane. Til nokken tider har eg savna så masse heim at eg bare har hatt lyst å komme meg heim på første fly. Aldri har eg virkelig vurdert det, så det sier vell sitt. Men nokken kvelda med uendelig lengting må man forberede seg på. Alle har sina måta å takle savnet på. Nokken bruka trening som en måte å komme seg litt vekk. Andre utvekslingseleva velga å bare skype'e dei heime, en gang i månden. Min måte har vell vert en kombinasjon av alt. Eg har prøvd å fylle timeplanen så masse som mulig, men skyping med mams, familien og venna har vert mongo nødvendig for min del. Men no når eg sitter her i januar, er ikkje savnet som det var før. Eg savna alle like masse som eg gjorde i begynnelsen, men det blir liksom en del av deg og personligheten din dette året. Kanskje det er fordi eg snakka så og sei flytande og har fått meg en god vennekrets. Kanskje det er fordi eg har lært meg den amerikanske kultur, og at eg no skjønna korleis det fungera her. Eg tror tid er esensielt. Man trenger tid til å lære seg alt. Lære seg å passe inn. 

Vi er no i midten av januar, og det er mindre enn fem månda til heimreisa står for tur. Eg gleda meg heilt sjukt. Men no er innstillinga heilt endra. Eg har lyst å nyte det her! Plutselig er det graduation også er eg vips heime igjen! Så det er min plan, eg skal nyte det. Nyte, nyte, nyte. Blei masse nyte her, men eg finne ikkje et bedre ord. Eg skal vise at eg sette pris på dei nye vennane mine og vertsfamilien min. For det gjør eg. Det å slippe en fremmed ungdom fra et anna kontinent, inni i livet ditt er hardt det og. Av og til blir det for masse for dei her og, og dei kunne nok til tiders ønske at eg satt på det flyet heim, haha. Men dei blir ikkje kvit av meg så lett....:) 


Øvertrøtte og fnisette jenter. Skal bli meg et savn når eg kjem heim igjen og gitt!

Lite innlegg med en haug av tanka, bare miksa sammen, før eg kryper i seng. Som dei fleste har eg og nyttårsforsett. Et av dei er å blogge meir gjevnlig, men fordi eg vil, og ikkje fordi eg føla eg må:) Ha en super dag folkens! (Gratulerer med dagen til verdens beste Aksel og Espen, og i dag mormor. Hipp hipp hurra!♥)

it's the most wonderful time of the year

Når eg hører "It's the most wonderful time of the year" med Andy Williams, ja då er det jul! Jula i år har vert ei heilt anna jul enn eg har hatt dei siste 16 årene. Eg tror eg snakka for alle utvekslingseleva når eg sier at man grua seg veldig til dinna tida av skuleåret. Etter eg møtte mamma, mormor og Øyvind i New York, har humøret vert litt opp og ned. Trass i at det har vert litt tungt, har det gått overraskande flott! Det å ha hatt juleferie i seg sjøl har vert superdeilig! Sove til noon, se opp til ti episoda av Gossip Girl, god mat og koselig stemning. Huset har vert dekorert i julelys, stort juletre og nissa. Er det nokke amerikanera kan, så er det å pynte til jul. Over halvparten av husene har julelys på husene og trerna, og det gjør til at eg har kjent på julestemningen. 

Eg trodde som sagt jula skulle bli tungt. Eg trodde jula skulle bli ekstra superdyster når Øyvind sa han ikkje hadde fått sendt kort i tide, og at han hadde mista gaven, men at det kom etter nyttår. Eg forventa ikkje gave fra han i det heile tatt med tanke på overraskelsestur i New York, men et kort hadde no vert hyggelig når eg sitter andre sida av jorda på julafta. Men når eg kom heim etter en kjempekoselig julemiddag med familien, venta en gavepose. Vertsmor bestemte seg for å gi meg en julegave på julafta, sjøl om tradisjonen er 1. juledag. Tror dokke ikkje at det var gave fra Øyvind? Smykket eg har sett på i over et år. Hjertesmykket i gull. Hjerte fra Bjørg. Eg begynte momtentant å grine og følte meg ganske så råtten pga at eg hadde synest synd i meg sjøl heile kvelden. Nydelig kort var og med! 


Du gjør meg lykkelig trass tusenvis av mil. 

Jula i USA har vert spesiell, men eg har hatt den beste vertsfamilien rundt meg og eg har kosa meg masse.  

New York part 3: leaving someone special

Etter tre nydelige daga i New York City kom søndagen. Fra eg stod opp var klumpen i magen så tung at det føltes ut som om at magen var fylt med asfalt. Eg prøvde å legge fra meg tanken på at vi skulle på flyplassen om nokken tima og putta på smil om munnen. Etter en nydelig frokost - knekkebrød med brunost - tok vi buss til vakre Central Park. En oase midt i storbyen. For en flott park! Ikkje bare er den gigantisk, men den er så fin og stelt, tihi. Rundt oss såg vi byen i fullt liv. Folk jogga, unga leika og på kvert gatehjørne står forskjellige artista i alle former. Heile helga gjorde med meg som gjort med mange andre før - eg forelska meg i New York. Byen er fylt av så masse liv. Så masse å sjå og oppleve. Endå en ting på lista "må gjøre før eg dør", bu i storbyen et år eller to.







Vi tusla i parken i ei god stund før magane rumla igjen. Selfølgelig er det masse resturanta i parken, vi fant en resturant med en dam, dårlig forklart, men veldig sjarmerande. Vi fekk i oss litt mat og fant oss en av dei kjente gule taxiane opp til hotellet igjen. Vi fekk henta koffertane og tok bussen til flyplassen. Det i seg sjøl gjorde vondt. Tanken på at helga var over. Men som prikken over i'en fekk vi ikkje sitte ilag på bussen, og når det gjorde til tåre i augene skjønte eg fort at det kunne bli veldig tungt å sei hadet.

Det å møte mamma, mormor og Øyvind igjen var ufattelig godt. Men som mange bekymra seg for var det veldig hardt å ta farvell. Plutselig føltes det ut som om at eg var tilbake på flyplassen i Florø. Med alle mine kjære. Det var egentlig ikkje så masse å sei uten om at vi snakkast om litt. Tårene trilla og det å rive meg utav armane til mamma var vondt. . Sikkerhetsvakten kunne ikkje sagt det bedre; "Leaving someone special behind, huh? I know the feeling. You'll be home before you know it sweety". Eg klarte ikkje å gjøre anna enn å nikke og deretter vinke en siste gang til gjengen. Det einaste eg hadde lyst til i verden var å løpe tilbake igjen og sette meg på flyet med dei heim igjen.

Eg måtte venta litt med å skrive ditta innlegget på grunn av heimlengsel. No har eg endelig feire og 6 eksamen'a er bestått! Har aldri vert så godt med juleferie. Eg skal nyte kvert sekund og begynner ferien med jentekveld hos Alison. Ha en nydelig desemberkveld kjære lesera!

til jentene mine - en fantastisk gjeng

Det har seg sånn at eg finne det å skrive som litt terapi. I stedet for å legge meg under dyna å grine, nokke som frister i mange av dei stundene eg skrive, så hjelper det å skrive. Eg får alle tankane "ned på nett" i ditta tilfellet, i stedet for å ha dei inni det lille hodet mitt. I kveld er en av dei kveldane eg skulle ønske eg hadde alle jentene mine her. Det er nokk ikkje tilfeldig at det er i dag det bikka litt over - det er juleball for vidaregåande heime. Eg veit akkurat ka det går i og kor fantastisk kjekt det er. Å vorse med jentene er nokke av dei kjekkaste! Vinos, latter, sang, dansing og meir latter. Eg er egentlig ikkje redd for å gå glipp av det som skjer. Det handla meir om at eg savna kver enkelt av dokke. Eg savna å kunne ha dokke uansett ka. Eg sitter midt oppi eksamenskaos og skulle så gjerne hatt meg en fest med dokke akkurat no. 

Det som gjør dokke så utrolige spesielle for meg, er at dokke gjør alt for at eg skal ha det bra. Et eksempel på det, er albummet dokke laga til meg. Mamma fortalte kor stolte dokke såg ut når dokke leverte det før New York turen - og det med god grunn! En album fylt med bilder fra alle forskjellige stunder og opplevelsa. Ei side kver med ord om koffor du er glad i meg - kem kan sei dei har så gode jenter? (Guttane skal og få litt kreditt, dei haddde med ei side dei også - og det skal siast sånn at eg savna dokke masse og!). Eg har no bladd igjennom albummet og tårene trilla. Eg har lest ord for ord, smilt litt innimellom og lukka augene av smerte. I morra er nokk alt som før; eg er med mine nye venna, nye familie og gjør tingene eg gjør på no når eg er her i USA. Men det går ikkje en dag uten at eg tenka på dokke, det skal dokke vite. 
 


 

Eg har lagt innpå en sang til dokke, som eg synest er kjempesøt. Den er fra "Mannen som elsket Yngve" - fantastisk film. Putt inn ordet "dokke" der ordet "deg" og "du" er, så passer den fint. No skal eg lese litt meir kjemi også skal eg legge meg. I morra er det eksamen i fysikk og kjemi - flott......... Eg skal ikkje gjøre nokke som helst etter den. Eg skal slenge på eine klassikeren etter den andre og kose meg. Eg skal og få prøve å skrive Part 3 New York turen.
 

New York part 2: byen, beste selskap og litt meir lykke.

Etter å ha sove trygt og faktastisk godt i armane til kjæresten, våkna vi klar til å utforske gatene til New York. Det vil sei; mormor, mamma og Øyvind våkna i 5 tida, eg var forsatt i svime. Men etter å ha sotte seg opp, hørt på verden som svirra rundt utenfor tok det ikkje lang tid før eg hoppa opp av senga klar for alt som var oss i vente. En av dei mange fine tingene med New York må vere at man har så mange muligheta. Vi heiv på oss kle og gikk på jakt etter en plass å spise forkost. Eg veit ikkje om det er tilfeldig eller om dei lukta det, men folk veit kem som er turista og ikkje (egentlig ikkje så rart med tanke på at vi såg ganske så forvirra ut, hadde på oss alt for lite kle for å vere ute og store speilreflekskamera plasert rundt ryggen). Vi blei sniffa opp etter skunda og gikk kjapt med på en sightsingbuss-deal. Med egg, toast og nypressa juice i magen hoppa vi på bussen på vei til Rockefeller. For en utsikt! Når du reiser til New York, ta turen opp! Du ser alle sidene ved byen, nokke som er en opplevelse i seg sjøl. Central Park ligger i det heile som en liten oase. Rundt er den omringa av hundrevis av skyskrapera og tusen milliona små maur, alle på vei til seg og sitt. 


Første frokost med kjæreste på litt over 4 månder. Det var koselig det.




Empire State Building, the streets of New York and me.



Etter et par hundre bilder tok vi heisen ned 70 etasjer og hoppe på neste buss. Bussen tok hos til vakre Soho. Alle jenters drøm. Ei av dei beste shoppinggatene i verden. Jepps, i verden! Med tanke på at det ikkje var en shoppingtur i seg sjøl, vil eg sei vi tok det ganske rolig og naut tida i dei fantastiske butikkane. Øyvind følgte stille med, og var veldig flink, tihi. Vi fekk alle handla et par posa og satt oss ned på første og beste resturant. God mat og drikke gjorde godt, og plutselig var klokka tikka 10. Eg hadde gleda meg til å sette meg inni ei av dei karakteristiske gule taxiane, men vi endte i stedet opp i en pirattaxi som tok overbetalt, hah. Dagens kjøp blei et billig juggelsmykke fra ei gatebod, som betyr meir enn dyre plagg og merkevarer. Vi var alle stuptrøtte etter en fantastisk dag og tok senga ganske tidelig. Igjen sovna eg trygt og fantastisk i armane på min kjære...

New York part 1: sjokk og lykke!

Etter tre tima i fly, nokke eg sov meg glatt igjennom, ankom eg Newark flyplass. Det føltes heilt uvirkelig å fly over Manhatten og ikkje minst Statue of Liberty. Men for å vere ærlig var det ikkje byen som gjorde til klamme hender og stort glis. I hodet gikk bilder av møte med mamma og mormor i repeat om og om igjenn. Baggasjen kom som bestilt og eg begynte å utforske flytog og den type ting for å komme meg over til terminal C - internasjonle delen. På tv-skjermane stod det at Oslo-flyet var komt på tida nokke som fekk magen til å stå på spreng av sommerfugla. Flytoget over til terminalen tok raske fire minutt, og jakten på Starbucks resturant var i gang. Det var der vi hadde avtalt møteplass, orginalt, hehe. Ut av det blå ser eg Øyvind, min kjære, gå å tusle ca 20 meter ifra meg. Eg tror kroppen min gikk i bilkrasj-sjokk for eg klarte ikkje å bevege en muskel. Klarte heller ikkje å smile. Det einaste eg fekk ut var "ka i helvette", og baggasjen datt utav hendene mine. Øyvind hadde endå ikkje sett meg, trass i at eg stod rett foran han. "Ka i helvette" kom ut en gang til, dinna gangen litt høgare og han såg meg då. Eg tok et par lange skritt og datt inni armane hannes. For alle dokke der ute som har vert tusenvis av mils vekke fra kjæresten i 4 og en halv månde, og deretter får overraskelsebesøk i New York - dokke veit kor lamslåande og ubeskrivelig deilig det er! Etter å ha holdt rundt Øyvind i det som føltes ut som en time klarte eg å slippe. Eg måtte klipe litt i han for å skjønne at han faktisk var der. Mamma og mormor hadde blitt stoppa i kontrollen pga kvitosten og brunosten (♥) og kom litt seinare. Mamma kom ut av tollen og eg tok sats og løpte som eg aldri har løpt før. Ho såg meg ikkje før eg var komt heilt oppi ho og skreik til. Tårene trilla og eg tror dei fleste rundt oss stirra og tenkte "herregud", tihi. Etter å ha roa oss litt ned og etter masse klemming, tok vi bussen inn til storbyen. Hotellet låg midt i det heile og veret var nydelig. Eg tror ikkje eg har følt meg en så rush av lykke nokken gang. Vi spratt champis på rommet og gikk ut dei vakre gatene på jakt etter kveldsmat. Reisegjengen var så klart ultratrøtt med tanke på lang flytur og store tidsforskjella - eg derimot hadde aldri følt meg meir våken. Vi fekk i oss en skikkelig Amerikansk burger og tusla tilbake til hotellet. Det har aldri vert så godt å sove med kjæresten nokken gang, trass i bråk og støy utafor, men herre - det er jo tross alt byen som aldri sover.



"Skååååål!"


Lykkelig i armane til kjæresten.


Mormor og meg - Å som eg har savna deg!

Les mer i arkivet » Mars 2012 » Januar 2012 » Desember 2011
June

June

17, Flora

Eg reiser på utveksling til Kansas skoleåret 2011/2012 med EF. Kontakt meg på juneknapstad@hotmail.com viss du lura på nokke. Heimreise: Mai/Juni 2012.

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits